Etiketter

torsdag 14. februar 2013

Å lære seg klokka

Å lære seg klokka kan for nokon vere ganske så enkelt og for andre kan det vere temmeleg vanskeleg. Og her finnes det mange måter å lære seg klokka på. I dag finnes det vanlege bøker der ein kan lære seg klokka med eller smartmobil og nettbrett. Finnes og nettsider der ein kan lære seg klokka. Moglegheiter er mange i dag og koster ikkje noko særleg og.

Den tida eg lærte meg klokka var det verken mobiltelefon, nettbrett og pc. Men, det fantes klokkebok.
E hugsar godt når den kom i hus. Eg hadde begynt på skulen og kunne ikkje klokka enno. Og ein dag kom mor mi heim med ei klokkebok. Og eg var så sikker på at den var til min bror. Men, nei den var til meg den. Og boka vart ikkje godt mottatt nei. For eg skulle jo ikkje ha ei klokkebok til å lære meg klokka. Eg var så passe stor at eg kunne lese godt. Kanskje gjekk eg i 2. eller 3.klasse. For bøker likte eg og lese.

Men, eg brukte boka. Den sneik eg med meg oppi i senga mi og begynte å lese i den. Det gjekk ikkje lang tid før eg skjønte korleis ein skulle lese klokka. Og det var på den måten eg lærte meg klokka.

Og med så god erfaring med å bruke klokkebok, så var det ein sjølvsagt ting å bruke til mi datter og. Den klokkeboka eg hadde var nok for lenge sidan kome seg bort. Eg kjøpte ei ny klokkebok via Spiss Forlag. Den heiter Klokkemysteriet og er skrive av Torill Fjæran-Granum. For meir info om boka sjekk sidene til Spiss Forlag.

Har lest boka for dattera mi med as/add. Ho likte boka og har kome godt igang med å forstå klokka.
Syns det er like viktig å lære klokka heime som å lære seg klokka på skulen i mattetimene. Men, motivasjon må vere der og.
Via sidene til Akerhus på Autismeforeningen sine sider kom eg over denne app'en her. Det er ein klokkelæringsapp som har forskjellige nivå. Begynner med heile timer og bygger seg vidare oppover med fleir og fleir klokkeslett. Ein må vere ferdig med ein level for å opne opp neste level. Ein morosam måte å lære seg klokka på.

Spelet kan lastes ned både til android og iPad/iPhone. På AppStore koster den 7 kr og på playstore koster den 6 kr. Det er på norsk og har norsk tale.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar