Etiketter

torsdag 18. april 2013

MingoVille Lær Klokken

Fantastisk og ikkje noko kvasi-norsk her nei. Her er det norske folk som snakker. Dei bruker skodespelarar.

Der er det film om klokka som forteller om timene, minutter og digitalklokka. Denne appen skal eg teste på dattera mi, eller på begge 2. Er for 4 år og oppover.

Det er klokkespel som er morosam. Samtidig som det er enkelt å lære seg klokka.

I appen finnes det filmer som forteller om kva time er, kva minutt er, og kva ei digitalklokke er.

Den er og lagt opp frå kun jo jobbe med heile timer til minutt.

Når ein har gjort alle nivåene vil ein til slutt få seg eit diplom. :)

Ein har og moglegheit til å 0-stille appen slik at ein kan begynne heilt på nytt igjen. :)

Ein kan velge om ein vil ha med digitalklokke eller ikkje.

App´en koster 14 kroner for fullversjon. Og skal ein ha nytte av appen må ein faktisk laste ned fullversjon og ikkje demoversjon.



Meny-oversikt



Filmene forklarer veldig godt kva timer, minutt og kva digitalklokke er.


Her kan ein dra kulene til riktig stad. Eller ein kan bevege på brettet for å få det litt meir avansert og spennande. Pass på og ikkje la kulene kome bort i feil hol. Snart gjort til og med for dei som kan klokka.

tirsdag 16. april 2013

Life Planner for iPad

Eg er på jakt etter ein dagsplan for dattera mi med asperger. Ho hater eigentleg slike planer. Heimeplan for heile veka som vi har heime fungerer kjempebra. Men, ein dagsplan må til og. Eg har no drive og leita etter noko om kanskje kan vere noko for mi datter. Det er da ein bruker iPad til å leite etter slikt. Det var slik eg kom over Life Planner. Koster under 15 kr for fullversjon.

Legger ein til emoji-tastaturet i iPad, så får ein opp mange ikoner ein kan bruke i tillegg til tekst. Det tastaturet kan ein legge til under innstillinger på iPad´en.



Apper til bruk i undervisning

Når eg har brukt iPad ein stund, har det dukka opp ein del gode apper for barn i skulen, alt frå å lære seg klokka, som eg har vert innom tidlegare, til å pugge gloser.

Pugge! er ein app der ein kan pugge gloser. Ein skriver inn foreks dei engelske glosene og dei norske, så skal ein koble dei saman.


Første del av appen er laga slik at forsida står på engelsk,og når ein klikker på det engelske ordet, så får ein fram det norske ordet.

På det grønne feltet kan ein plassere dei glosene ein kan og på det raude dei glosene ein ikkje kan så godt.

Så kan ein velge å koble saman det norske ordet med det engelske.

Så finnes det to måter å skrive glosene på. Ein kan velge mellom å skrive norsk eller engelsk.
Den eine måten å skrive gloser på er å trekke bokstavane til riktig stad i ordet.

Den andre er å skrive orda med tastatur. Har ein skrive ordet riktig, så blir ramma grøn.

Eit kjempeflott verktøy for å lære seg gloser på ein annan måte enn den tradisjonelle.
Ein annan ting som og er fint med denne appen er at ein kan dele glosene med andre ipad´er som har og Pugge!.