Etiketter

torsdag 14. februar 2013

Å lære seg klokka

Å lære seg klokka kan for nokon vere ganske så enkelt og for andre kan det vere temmeleg vanskeleg. Og her finnes det mange måter å lære seg klokka på. I dag finnes det vanlege bøker der ein kan lære seg klokka med eller smartmobil og nettbrett. Finnes og nettsider der ein kan lære seg klokka. Moglegheiter er mange i dag og koster ikkje noko særleg og.

Den tida eg lærte meg klokka var det verken mobiltelefon, nettbrett og pc. Men, det fantes klokkebok.
E hugsar godt når den kom i hus. Eg hadde begynt på skulen og kunne ikkje klokka enno. Og ein dag kom mor mi heim med ei klokkebok. Og eg var så sikker på at den var til min bror. Men, nei den var til meg den. Og boka vart ikkje godt mottatt nei. For eg skulle jo ikkje ha ei klokkebok til å lære meg klokka. Eg var så passe stor at eg kunne lese godt. Kanskje gjekk eg i 2. eller 3.klasse. For bøker likte eg og lese.

Men, eg brukte boka. Den sneik eg med meg oppi i senga mi og begynte å lese i den. Det gjekk ikkje lang tid før eg skjønte korleis ein skulle lese klokka. Og det var på den måten eg lærte meg klokka.

Og med så god erfaring med å bruke klokkebok, så var det ein sjølvsagt ting å bruke til mi datter og. Den klokkeboka eg hadde var nok for lenge sidan kome seg bort. Eg kjøpte ei ny klokkebok via Spiss Forlag. Den heiter Klokkemysteriet og er skrive av Torill Fjæran-Granum. For meir info om boka sjekk sidene til Spiss Forlag.

Har lest boka for dattera mi med as/add. Ho likte boka og har kome godt igang med å forstå klokka.
Syns det er like viktig å lære klokka heime som å lære seg klokka på skulen i mattetimene. Men, motivasjon må vere der og.
Via sidene til Akerhus på Autismeforeningen sine sider kom eg over denne app'en her. Det er ein klokkelæringsapp som har forskjellige nivå. Begynner med heile timer og bygger seg vidare oppover med fleir og fleir klokkeslett. Ein må vere ferdig med ein level for å opne opp neste level. Ein morosam måte å lære seg klokka på.

Spelet kan lastes ned både til android og iPad/iPhone. På AppStore koster den 7 kr og på playstore koster den 6 kr. Det er på norsk og har norsk tale.





tirsdag 12. februar 2013

Timestokken

Kor mange er det som ikkje har søkt hjelpemiddelsentralen om timestokken? Vi har ein og den er nesten aldri i bruk fordi dattera mi som har den, blir faktisk stressa av den. Men, det er heilt ok å vise kor lang eller kor kort tid ho har igjen før ho må nå noko. Men, å ha den framme slik at ho kan fylgje med tida går ikkje. Vis kor lang tid, for så å legge den vekk igjen.

Men, har ein ein smarttelefon, så trenger ein ikkje noko timestokk, Det finnes eit hav av diverste varianter ute blant alle app`ene der ute.
Deriblant så kom eg over denne her:

Tim(mer) Stock. Ser veldig lik ut den timestokken frå hjelpemiddelsentralen. Og ein mobil har ein jo med seg overalt.
Den kan ein laste ned frå Google Play. Har ikkje sjekka om den finnes for iOS.

Ellers så har min samboer laga sin variant av timestokken som skal brukast på alle plattformer. Det er berre at da må ein vere tilkobla eit nettverk. Ivertfall sånn den er i dag. Ellers er det ikkje så umogleg å gjere endringer slik at ein kan bruke den offline og.

Ein kan sjekke denne varianten av timestokken på denne sida her.
as.senikk.com

Ellers kan ein og finne ein timestokk for android. Sjekk siste blogginnlegg for meir info om Tim(mer) Stock.


søndag 10. februar 2013

RITPRATA

Endeleg ein app for meg som driver ein god del med teikneserie-kommunikasjon med dattera mi som har AS/ADD.

Det er ein svensk app, og ganske enkel og forstå og. Den kan lastast ned frå itunes gratis.

Så da er det berre å teikne i vei. :) Denne kunne godt at vert for android og. :)


Da blir det og testing av iPad- app'er og.

Da har ein fått ein iPad i hus og. Så da skal ein fått sjekke app'ene som er der inne og. Ikkje kun android-plattform. Skulle gjerne hatt eit nettbrett for android og. Pr i dag har eg kun android-mobil.

Det første eg kom over som kan vere genialt for barn både med diagnose og utan er Josefine Skolehjelp. Dei er og på norsk. Kan få kjøpt til pc og. Genialt for barn som trenger ekstra læring.

Ein anna app som eg kom over var Lærri. Den er på forskjellige språk, blant anna norsk. Det er og kun demo-versjon som er gratis. Ellers koster den 21 kr for fullversjon. Den passer best for dei som nettopp av begynt i 1.klasse og i førskulealderen. Eller til dei som ikkje har noko språk. Mest ord, bokstaver og tall. Men, har ein ein del av flagg. Flagg-delen har eg ikkje testa, sidan den ligg i fullversjon. Men, kjekt å kunne ha som suplement til vanlege skulebøker.

Det mest spennande og kjekkaste eg kom over var RitPrata. Den er kun for iPad. Ein app som lager strekteikneseriar. Når ein har eit barn med ein autisme-diagnose så er dette eit MUST å ha på iPad. Genialt å lage sosiale historier med. Ein kan og legge til snakke/tenkebobler og tekst. Forstørre kan ein og gjere med teikningane og.

Gratis app. For iPad og på svensk. Men, den er ganske enkel og bruke.
Svenskene får det til. :)

Meir info sjekk denne linken her.
http://www.stam.se/ritprata/appen-ritprata/
http://www.stam.se/ritprata/

Blik Calendar Widget

Denne app'en er kjempegenial. Denne kan importere google kalender og andre.Det bestemmer eins sjølv kva for kalender ein vil bruke. Den kan og vise små ikoner over kva hendelse det skal vere. Samtidig så kan ein med PRO-versjon skrive om dei engelske orda om til norsk. Koster ikkje allverda for pro-versjon. Under 20 kr for PRO-versjon. Dagane er ikkje oversatt til norsk. Men, det ein skal ha på planen kan ein skrive på norsk med pro-versjon.

Eg sjølv har ikkje brukt den noko sjølv, sidan eg kun bruker google kalenderen. Men, den er veldig kjekk med at ein kan legge ved eit ikon for kvar hendelse, og at den kan synkroniserast med andre kalendere. Legge til ikon må ein inn på Blik Kalenderen for å gjere. Kan vere litt vanskeleg å finne fram til. Men, etter ein del tastetrykk fant eg fram. Det er berre til å klikke på settings, så finner ein fram viss ein er stødig i engelsk. Eller gå gjennom kvar meny som eg normalt gjer for å finne fram.

Denne app'en er for android.
Den er og kun på engelsk i menyvalga.