Etiketter

tirsdag 16. april 2013

Apper til bruk i undervisning

Når eg har brukt iPad ein stund, har det dukka opp ein del gode apper for barn i skulen, alt frå å lære seg klokka, som eg har vert innom tidlegare, til å pugge gloser.

Pugge! er ein app der ein kan pugge gloser. Ein skriver inn foreks dei engelske glosene og dei norske, så skal ein koble dei saman.


Første del av appen er laga slik at forsida står på engelsk,og når ein klikker på det engelske ordet, så får ein fram det norske ordet.

På det grønne feltet kan ein plassere dei glosene ein kan og på det raude dei glosene ein ikkje kan så godt.

Så kan ein velge å koble saman det norske ordet med det engelske.

Så finnes det to måter å skrive glosene på. Ein kan velge mellom å skrive norsk eller engelsk.
Den eine måten å skrive gloser på er å trekke bokstavane til riktig stad i ordet.

Den andre er å skrive orda med tastatur. Har ein skrive ordet riktig, så blir ramma grøn.

Eit kjempeflott verktøy for å lære seg gloser på ein annan måte enn den tradisjonelle.
Ein annan ting som og er fint med denne appen er at ein kan dele glosene med andre ipad´er som har og Pugge!.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar