Etiketter

torsdag 24. januar 2013

Gode app'er for mobil/nettbrett

Etter at eg fekk vite at dattera mi hadde diagnosen asperger, begynte og leitinga etter div app'er som kunne vere bra for ho. Ho elsker jo å spele på teknologiske duppedingser, så da måtte det jo vere noko som var lærerikt og. Noko som nettopp ho kunne dra nytte av. Mykje av det eg fant var app'er som ikkje passa ho. Det var mest for dei som var hardast ramma av autisme. Eg var meir på jakt etter ein app som kunne brukast som kalender som var kobla mot google sin, og samtidig som ein kunne legge inn eigne bileter.

Eg fant ein app, eller rettare sagt min sambo fant den for meg, er Blik Calendar. Den kan lastast ned gratis og koblast opp mot google sin kalendar. I stadenfor bileter så er det små ikoner som ein kan legge til kvar avtale på kalendaren.
For meir info, sjå Blik Calender.

Har ikkje testa den ut på dattera mi enno, men eg trur den er betre på eit nettbrett, for da blir kalenderen større enn på ein mobil. Og eg trur den er betre enn Multi Comai som ein ikkje kan bruke utan å vere tilkobla eit nettverk for at den skal fungere. Det er ein app som ein kan søke på via Hjelpemiddelsentralen.

Begge desse er for android plattform.


1 kommentar:

  1. Premium Comai (storebroren til Multi Comai) støtter å bekrefte alarmer uten å være tilkoblet nett og bekrefter automatisk når den får nett igjen.

    SvarSlett