Etiketter

fredag 25. januar 2013

Erfaring med bruk av Multi Comai for eit barn på 8-9 år.

Etter ein tur på Hjelpemiddelsentralen kunne dei anbefale Multi Comai. Fekk og sett på Memoplanner. Men, den syns vi var litt for stor til å ta med seg "overalt". Så vi gjekk for Multi Comai. Det flotte med den var at den kunne brukast på android, både mobil og nettbrett. Den inneheldt kontakter, veileder, kalkulator og penger, lyd, tidsnedteller og kalender.

"Kontakter" går direkte til den lokale kontaktlista på mobilen/nettbrettet.

"Veileder" Den er faktisk ganske så kjekk. Der kan ein legge inn situasjoner og få veileding for kva ein skal gjere. Og samtidig kan ein legge inn snartveier som eit bilete over kven ein kan ta kontakt med. Eit trykk på bilete og den ringer med ein gang.

"Kalkulator og penger" Ein kalkulator som visualiserar penger. Ein kan skrive inn eit tal, som for eks, det talet som står på prislappen i butikken. Så trykker ein på "augaet", og da får ein da bekjed om å legge fram med visualisering av av dei norske pengane. Ganske kjekt for dei som har vansker med penger.

"Lyd". Det er ein lydopptakar.

"Tidsnedtellar": Veldig kjekt å ha noko som kan vise visuell nedtelling. Da trenger ein ikkje timestokken. Det er 4 forskjellige utgåver av tidsnedtellar.

"Kalender": Denne kan ein oppdatere via web. Ikkje den aller mest brukarvenlege. Eg hadde forventa meg bilete i tidslinja, men det kom ikkje fram.Kun tekst. Ein må trykke på teksten for å fram avtale med bilete. Heller var det ikkje noko tidsteljar som ein finner på MemoPlanner. Ein kan legge inn eigne bileter eller bruker dei bileta som er preinstallert. Det dumme her er at ein alltid må vere tilkobla til eit nettverk. Så Multi Comai er ikkje noko til å ha med seg. Dattera mi vart stressa av den fordi alarmen ikkje kunne slåast på mobilen når ho var offline frå nett. Men, det finnes ei utgåva som heiter Premium Comai som kan nettopp det. Det ville blitt fort dyrt viss ein måtte vere kobla opp på det mobile nettverket.
Når alarmen slår seg på for ein opp den aktuelle hendelsen med bilete og tekst. Kan velge om ein vil ha med bilete eller ikkje. Ein kan og velge om bekreftelsen på at ein har gjort avtalen skal sendast til ein annan mobil. Ein får og beskjed om at den har heller ikkje blitt gjort. Men, da er det programmet sjølv som sender ut.

Så mi meining om Multi Comai passer best for dei eldre. Dei på barneskulenivå og spesielt småskulen er ikkje dette noko å anbefale. Da kan jo faktisk MemoPlanner vere betre som ein har stasjonært. Vil heller ikkje anbefale til dei minste i skulealderen om å bruke Multi Comai. Den er meir for dei eldre. Den er for lite brukarvenleg. Og når den blir brukt på ein mobil, så blir alt så mykje meir komprimert. vil anbefale om å bruke eit nettbrett til dette programmet.
Konseptet bak dette programmet/app var for at ein skulle noko som ikkje skilte seg ut. At ein ikkje trengte noko anna hjelpemiddel, kun mobilen. Comai sine eigne sider, som har laga denne app'en.

For meir info, kan de gå til  Comai sine eigne sider.

Legg gjerne inn kommentarer om de har hatt andre opplevelser med nettopp bruk av Multi Comai.

Den kan de søke via Hjelpemiddelsentralen. Men, mobil eller nettbrett må de kjøpe sjølv.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar